Blog

Home, cold and wet home

Så landa vi i fedrelandet. Igår. Overgangen var 2o C-grader ned og til ei vérmelding (på Sunnmøre) som hadde sol, regn og snø kvar dag resten av veka. Men vi står ‘an av, som dei seier nordaførr. Og vi er både rikare og fattigare, brunare og raudare, gladare og tristare enn før. Sjølv om vi […]

Read More →

I wanna go home – or not?

Idag er det farvel USA, farvel Obama, farvel Jim and Carl, farvel 27 graders varme, farvel badetemperaturar i Florida. USA-turen er over. Vi vender heim til sludd og kulde. Om det hadde vore folkeavstemning i USA-klassa, hadde fleirtalet helst ikkje vippa til fordel for heimreise. Men idag er det ingen bønn: We are going home. […]

Read More →

Farewell Jim and Carl

We have traveled more than three weeks with two incredible guys. We have laughed together. We have played Mad together. We have shared thoughts, pains, joys, memories and recepies. We have watched each other skydive and watched alligators. We have swum together and eaten pancackes, been to sunday school and to restaurants. We have walked […]

Read More →

USA-profilar: Daniel og Kathrine – veteranlaget

Siste par ut i USA-klassa er eit par seniorar, to forhenverande og noverande som ikkje kan få seg til å gi opp USA-klassa. Daniel Frafjord og Kathrine Porsanger Ledang er gamlingane som gjekk USA-klassa ifjor, men no er tilbake med ein ekstrarunde. Daniel er stip på Borg dette året knytt til vår klasse. Han representerer […]

Read More →

Alligator Dundee

Airboats kjenner vi frå Donald, men det er spesielt å kjenne det susar i sivet i ein flatbotna aluminiums-pram med luftpropell. Sjøfuglane har eit svare strev med å kome unna. Det går over holmar og skjer. Sjøliljene ligg herpa etter oss og sivet vert gnagd i filler der vi fer fram. Alligatorane hadde vi meir respekt […]

Read More →

A perfect day at Anna Maria

Anna Maria Island  – eit strandparadis i Florida. Her legg skilpaddene egg på stranda, og delfinane kan dukke opp mellom badegjestane. For ikkje å gå heilt i oppløysing på beachen, gjorde nokre av oss denne dagen til bike cruise dag. Ein må gjerne røre litt på seg etter frukost med ‘all you can eat pancake’. Ikkje […]

Read More →

USA-profilar: Camilla og Kristine – bygdejenter i by’n

  Ein RBK-supportar møter ein MFK-supportar, ein vestnesing møter ein vassbygding. Kryptisk? Ida Camilla Øren Paulsen frå Vassbygda (70 innbyggarar langt oppi Stjørdalsfjella) og Kristine Møller Furland frå Vestnes har vore ‘classmates’ og gode veninner dette året. I Vassbygda driv folk med sau, og det som ikkje kan gjerast med traktor, vert sjeldan gjort. Camilla […]

Read More →

Sunset Beach

Calm down and relax, we are on Ana Maria Island time, heiter det på desse kantar. Deilig å kunne vandre på stranda med den mjølfine sanden under føtene til den lokale “All You Can Eat Pancake”-plassen til frukost. (Ingen har prøvd seg som rekord-setjar enno.) Så ein dukkert i den grøne Mexico-gulfen. Deretter ein tur […]

Read More →

Dining with pelicans

Både vi og pelikanane likar fisk. Vi på kaia og pelikanane på sjøen nedanfor. Dei fekk fiskerasket frå kjøkkenet, vi fekk foredla varer: shrimp, oysters, scallops, grouper, crabs, clams, salmon, mahi-mahi osb. Attåt vanka det grits (sørstatsrett av mais, istadenfor poteter), hush puppies, french fries, cole slaw m.m. Vi snakkar om ein lokal stam-restaurant, Starfish. […]

Read More →

USA-profil: Kari-Anne – redde verda eller synge

Kari-Anne, ein høgtalar av liv og latter, engasjement og friske meiningar, viftande armar og intenst blikk. Vi har å gjere med ei dame som har alt og som vil alt. Handballtalent sidan 6-årsalderen, songtalent, politikartalent, skravletalent, skrivetalent – berre for å nemne litt. Er det rart ho slit med å velge? Kari-Anne Helland Barland er […]

Read More →

Licence to chill

Endeleg ved Mexico-gulfen. Her er havet blått og gjennomsiktig. Temperaturen er dagleg godt over det beste vi har av sommardagar heime. Idag hadde vi 28 grader. No er USA-turen på hell. Dvs det er mindre av politiske, historiske, kulturelle o.l. saker som engasjerer oss. Vi har lagt Midt-vesten, borgarkrigen og borgarrettskampen bak oss. No er […]

Read More →

USA-profilar: Tuppen og Lillemor – Anne og Julie

Dei heng saman støtt. Dei er blitt folkehøgskule-venar-for-livet. (Kanskje fordi Anne talar nynorsk og Jullie synest nynorsk er så fint?) Anne Odnes frå Vågå var på Kolbotn i vinterferien, hjå Julie Christine Houck Egseth. På Kolbotn er det fest heime hjå venar. Annleis enn det Anne er vant med. I Vågå går det på gamaldans […]

Read More →

Killing the waves

Atlanterhavet slår sterk inn over strendene i Florida. Kjekt for leikne normenn som ikkje til dagleg er vant til badetemperatur på 20-talet. Her er både hai-fare, til dels sterk straum og fare for rip-curl. Men så lenge ein når botnen og passar på kvarandre, går det bra. Til ein ein trøytt og lei av ikkje […]

Read More →

USA-profil: Sigurd karolinger

Tipp-tipp-tipp-oldefar til Sigurd Johasen kjempa for svenskekongen på 1700-talet som karolinar, så han meiner å ha rett til å bruke det namnet, som stammar frå ei fransk adelsslekt som kom til Sverige med Karl 12. Sigurd er ein fargerik nordlending med 6 år i Bodø og 5 år i Kvæfjord før han slo seg ned […]

Read More →

I believe I can fall

Frå Kennedy Space Center til Skydive Space Center. USA-klassa oppeheld seg stadig i space-området i Florida. Og dette er kanskje det næraste vi kjem himmelen. Idag var vi der. 18 000 fot er ikkje langt unna 6000 m. “World’s highest freefall skydive”, reklamerer fallskjerm-stasjonen her med. Det gjekk i ei viss fart, opp til 115 […]

Read More →

Moon-walkers

Det har gått med astronomiske summar her vi er no. Og staden har blitt ganske speisa. President Kennedy drog igong utbygginga av NASA-istallasjonane for månereiser fyrst på 1960-talet. Kor mange som tok han bokstavleg den gongen, veit vi ikkje. Men det har blitt fleire moon-walkers etter kvart. Så vi snakkar om Kennedy Space Center, om […]

Read More →

Hav og himmel – Florida

Bad i Atlanterhavet før frukost, palmetre rett utfor verandaen, alligatorar i bakgården, rakettutskytingsbase på andre sida av hagegjerdet – ja, du gjetta rett: Vi er i Florida. På Cocoa Beach. I Cape Canaveral-distriktet. 21 grader i havet og 28 i lufta. Denne dagen tok oss lenger inn i Florida. Flatt og sand så langt augo rekk. […]

Read More →

USA-profil: Møringar – Olav og Aleksander

Ein nordmøring og ein romsdaling kamperer ilag på USA-turen. Olav Ellingsgård er eit bortskjemt einebarn frå Aure på Nordmøre. Aleksander Berg er ein mjuk mann frå Vestnes i Romsdal. Oppvekstmiljøet for Olav har vore mamma, pappa, ein katt og nokre onkel-barn. Dei har han for det meste oversett til no. (Ingen USA-gåver på gang.) Men […]

Read More →

Roadside preachers

Sørstatane har sine særtrekk. Somme er knytt til konføderasjonen si historie. Somme til klima og folkeliv. Og mange til kyrkje- og kristenliv. Kyrkjene ligg tett som hagl langs riksvegane. Og flest av dei er baptistkyrkjene. Når folk presenterer seg, tek dei med namn og adresse, samt kva kyrkje dei tilhøyrer. Det er del av den […]

Read More →

Plain in Plains

For alle med interesse for amerikanske presidentar, er Plains, Georgia, ein kjend stad. Her tente Jimmy Carter sine pengar på peanøtter, og idag er han bygdebyen sin heimvende, store son som vert påpassa dag og natt av Security-f0lk. På søndag er han i den lokale Maranatha Baptist Church og held søndagsskule. Denne søndagsskule-læraren er ein […]

Read More →

USA-profil: Vestlandsduetten – Ingvild og Anna

Vestlandsduetten tok påskeferien i Wisconsin og Illinois dette året. Greitt det når Anna har amerikansk pass og kontakter over alt. Det vart råning i Chicago og til topps i Willis Tower i tillegg til storfamiliekos. Anna Sophie Bilstad Steinsvåg er Sandnesjente med tre småsyskjen og Ingvild Kjelsvik har vakse opp i Åsane (5109 Hylkje) med […]

Read More →

Chattahoocee River

Vi har kryssa både ei statsgrense og ei tidssone. No i Columbus, Georgia. Ved Chattahoocee, ei elv som i si tid brakte både liv og levebrød til denne byen. Idag til stor glede for turistar som oss. For elva eignar seg både til ‘whitewater rafting’ og ‘zip lining’. Vi gjorde begge deler, to gongar. Så […]

Read More →

Eyewitness

1965 er ikkje lenger unna enn at somme som marsjerte enno lever. To av dei dukka opp midt i vår veg gjennom Selma idag. Olla Moore driv “Welcome to Selma”-kontoret her i byen og var 15 år i 1965. Ei sprudlande, svart kvinne som fortel levande om korleis jentegjengen istadenfor å gå til skulen den […]

Read More →

From Civil War to Civil Rights

  Kven skulle tru at Selma, Alabama, var ein sentral plass i historia? Idag har vi oppdaga det. Ein gong var begge Alabama-senatorane frå Selma. Ein gong budde somme av verdas rikaste menn her. Ein gong vart verdshistoria endra gjennom det som skjedde her? Dette var eit økonomisk sentrum i sør-statane. Før borgarkrigen var bomullsplantasjane […]

Read More →

USA-portrett: Tale og Birgit – musikantane

Der er mange band mellom oljebyen Stavanger og Noregs eldste by, Tønsberg. I USA-klassa er der eit musikkband, representert med Birgit og Tale. Birgit Hareland Bustad er Stavangerjente med ei musikk-karriere som omfattar kordireksjon, song, tuba, ukulele, gitar, althorn, piano, fløyte, baryton (for å nemne alt). Tale Lepperød Rushfeldt frå Tunsberg er noko så uvanleg […]

Read More →

My sweet home Alabama

Frå Tennessee heilt til Gulf-kysten strekkjer staten Alabama seg. Hovudarena for mange av dei mest dramatiske hendingane i borgarrettskampen. Alabama deltok på konføderasjonen si side i borgarkrigen. Her fekk også Ku Klux Klan stor makt på 1950-talet og framover. Her budde Martin Luther King jr storparten av sitt liv. Staten ligg i bibelbeltet og vert […]

Read More →

Tennessee og Nashville

Vi har verkeleg kome til sørstatane. Dialekta er breiare, og det er rikeleg av ‘southern hospitality’. Folket er både gjestfritt og svært imøtekomande. Vi har farta rundt mellom dei låge åsane og skogane i Tennessee, men svingar sørover før vi møter Smokey Mountains. Her har folkemusikken klinge i generasjonar. Her ligg hillbilly-låtane i grunnen. Her […]

Read More →

Grand Ole Opry

Det går frå den eine music-happening til den andre for Borg USA. Ikkje før har vi vinka farvel til Beal street og blues-musikken og til Elvis og Graceland, så er det konsert i Grand Ole Opry i Nashville. Vi har to Nashville-kveldar på programmet. Idag den mest tradsjonsrike av dei alle. 90 år er gått […]

Read More →

Love me tender

Memphis har fleire store søner. Men størst er vel Kongen. I alle fall over Rock-and-Roll. Elvis skapte musikkhistorie. Som ein har sagt: Ein svart songar si stemme i ein kvit  person. Den syntesen av negro spirituals og blues har sine røter på slavemarkene og i dei svarte kyrkjene. Av desse røtene forma Elvis den musikkstilen […]

Read More →

Eracism

4. april 1968 stod Martin Luther King jr på balkongen til Lorraine motel i Memphis, Tennessee. Frå ei bygning skrått over gata vart han skoten til døde. Idag, 4. april 2016, 48 år etterpå, stod vi der. Medan borgarrettsleiararar og sympatisørar feira minnedagen for denne særeigne leiaren og martyren. Korleis ville verda sett ut om […]

Read More →

USA-klasse-portrett 1: Boyd og Vos – utlendingane.

USA-klassa er eit fargerikt fellesskap. Det skal vi gi nokre døme på i dagane framover på bloggen. Vi startar med dei to vi på folkemunne kallar ‘utlendingane’. Ikkje fordi dei er spesielt utanlandske. Ikkje snakkar dei gebrokkent eller med aksent, men ser så norske ut som nokon. Men bakgrunnen er meir eksotisk. Grant Erik Glemminge […]

Read More →

Langs Mississippi

USA’s nest lengte elv. USA’s viktigaste vassdrag. Idag har vi flytta oss langs Mississippis breiddar rett sørover. Vi er iferd med å bli varma opp. Etter litt småkjølige dagar i St Joseph og ein vindfull dag i Hannibal, stig no temperaturen både utandørs, i minibussane og i kroppane til forventningsfulle studentar. Mississippi endar i Mexico-gulfen. […]

Read More →

ABC om Abe

  Stor del av USA-klassa og -turen dette året handlar om borgarkrigen og borgarrettane. I ei vekes tid no skal vi bevege oss på aksen Abraham Lincoln – Martin Luther King jr. Det handlar om Springfield, Illinois, om Memphis, Tennessee, og om Selma og Montgomery, Alabama. Først Springfield. Etter barneår i ei enkel tømmerkoie i […]

Read More →

Hannibal, Mark Twain og Tom Sawyer

Lengst aust i Missouri, ved Mississippi, ligg den søvnig småbyen Hannibal. Her var eit travelt knutepunkt den tida elvetrafikken på Missisippi-elva var på høgde. Idag er turistane viktigare enn elvebåtane. Og den store turistmagneten no er byen sin største son: Mark Twain. Her budde personane som har blitt karakterar i bøkene hans. Tom Sawyer og […]

Read More →

Miss Ouri

Heile denne veka har vi lurt på kven ho er denne miss Ouri vi reiser rundt i og studerer frå alle sider. Det viser seg ikkje å vere ei dame, likevel. Kanskje ikkje eingong ei indianarprinsesse eller noko anna kvinneleg. Denne nummer 21 i storleik og 18 i folketal av statane i USA, ligg der […]

Read More →

Jim and Carl

Hannibal, Missouri, home town of Tom Sawyer and Mark Twain. Here Tom tricked his friends into painting the garden fence of aunt Polly and even to pay him for their chance to do his job. And see whom we got to paint the same fence for us! They did not pay much, but then they […]

Read More →

Missouri Western State University

Missouri Western, eit 101 år gamalt universitet, er iferd med å bli vår nye, gode, akademiske partnar. Det starta i år med ‘shadowing’ som betyr at vi følgde studentar rundt ein halv dag, frå klasse til klasse. Studentrådet organiserte for oss, og vi fekk med alt ifrå fransk-timar til timar på biologi-laboratoriet. God erfaring berre […]

Read More →

Utan mat og drikke ….

…. duger helten ikkje. Og idag var vi verkeleg slike heltar. Ei fantastisk italiensk-amerikansk dame, Lory, hadde baka og koka og steikt 0g stellt i over ei veke til vi skulle kome. Både studentar og vertsfamiliar var inviterte. Heile huset var gjort om til matsal. Kokka ausa opp varmrett til alle, husbond Larry skjenka drikke, […]

Read More →

Electric squaredance og tush-push

Ettermiddagen baud på linedance. I det imponerande teatret som kan romme 2000 tilskodarar, eit tre-etasjes, nesten 100 år gamalt, Missouri Theatre i St Joseph, i Hollywood Oriental stil. Der innstuderte Jenny heile tre linedansar som vi humpa og dumpa med på. Men etter kvart vart vi godkjende. Det gjekk i 8-delt takt, vi heldt stort […]

Read More →

Planetarium

Missouri Western State University har også blitt vår gode kompanjong. Imorgon er det møte med studentar. Idag kosa vi oss med deira high tech planetarium. Dette er både for undervisning i astronomi, men også for mange slag underhaldning. Vi hadde ein tur i berg- og dalbane før vi fekk ein skikkeleg undervisningstime om store sjøuhyre […]

Read More →

Amish er frå Sveits

Denne dagen starta amish. I Jamesport i nordlege Missouri er eit av dei opne amish-samfunna. Dei beste bakeria, beste økologiske grønsakene, ivrigaste bøndene, dyktigaste møbelsnekkarane, flottaste bunnyane (hestekjerrer) osb. Det var etter kvart mange fotostopp. Ikkje rart at vi fekk ord på oss å vere trafikkfarlege fototuristar. I tillegg ikkje til å unngå at det […]

Read More →

H for home and for hospitality

St Joseph, Missouri, stands for us for homes and for hospitality. As soon as we got here, hosts showed up. And students were today distributed in beautiful residential areas of the city. This will be our homes for four days as we roam around this city and area. Here they are. Are they not nice? […]

Read More →

Always ready, ever willing

Missouri river, 2540 miles, lengste elv i USA, har git namn til staten Missouri. Der starta USA-klassa turen sin dette året. Etter 13 timar ombord på fly over Atlanteren, over Grønland og det amerikanske kontinent, brukte vi heile formiddagen på 139th Airlift Wing, Missouri Air National Guard. Her skal ein vere “always ready, ever willing”. […]

Read More →

USA – here we come

USA-klassa har pakka koffertar og sekkar og er imorgon tidleg på veg over Atlanteren. Håper mamma, pappa, tanter, bestefedre og andre slektningar oppdagar denne reisebloggen og fylgjer oss her. Daglege oppdateringar kan vi love. For å få eit fyrsteinntrykk av reiseruta, ta ein titt her: 29. mars – 1. april: St Joseph, Missouri, med amerikanske […]

Read More →

Reiseblogg USA

Straks etter påske er hele reiseskolen ute på de lange reisene. Vi har da to grupper i Australia, en gruppe på New Zealand, en i Sør-Amerika, en i USA, Reise Bo og fritid skal til Island og Spania, og afrikagruppa får med seg både Kenya og Tanzania. Denne siste gruppa reiste alt 17. mars og […]

Read More →