Borg 100 år – 2014!

I 1914 vart Borgund folkehøgskole etablert i Nørvasundet som Møre Ungdomsskule. I 2014 feirar vi 100 år med rivende utvikling. Skulen er flytta til Hatleholen, i dag er skuleanlegget renovert og utbygd til ein stor folkehøgskole med spesielt gode idretts- og konferansehallar. I 1949 gjekk skuleturen til Trondheim, i 2014 reiser alle til Israel og reisemålsgrupper dreg ut i heile verda, sjølv New Zealand er ikkje for langt borte. I 1914 ville dei lage ein kristen skule som gav unge ei retning for livet. Borg anno 2014 er i same spor – skuleåret ved reiseskulen i Ålesund skal vere ei reise for livet. Vi ønskjer foreldre til elevar, tidlegare elevar, sunnmøringar og verdsborgarar, nye og gamle Borgvener velkomen til å bli kjent med 100 åringen gjennom denne jubileumshausten. Set av tid til nokre jubileumshendingar og velkomen til Jubileumsåret 2014! Programmet for jubileumsåret kan lastast ned som pdf her.

Sjå kva som skjedde då Demokratibodstikka besøkte Borg.

Jubileumshelga

Helga 27.-28. september 2014 var hovedmarkeringa av Borgund folkehøgskole 100 år!  Bilder fra jubileumsfesten og konserten kan du se her

Jubileumsfesten

Laurdag 27. september kl 17.00.

Festtale ved Bjarne Kvam, Erik Furnes, Odd Johan Overøye, Ragnhild Eide Akslen, jubileumskor og musikkinnslag. 100-årsglimt og god mat (husk påmelding!!). Gåve til skulen.

Jubileumskonsert – Syng livet!

Søndag 28. september kl 17.00.

Ei musikalsk feiring av folkehøgskulen vår i tonar og ord. Odd Johan Overøye, Ole Reinlund, Kåre Nymark, Harald Myklebust, Ragnhild Eide Akslen, Jubileumskor og mange fleire tek del i denne konserten. Gåve til skulen.

Jubileumsseminar – Verdibygging

Fredag 14. november kl 10.00-15.00. Påmelding til skulen på dette skjemaet. Kr 200 inkl lunsj.

Tema ”Demokratibygging og verdibygging”

Vi har fått med oss professor Frank Aarebrot og reder Per Sævik til å gi oss ein eineståande seminardag på Borg. Dette er dagen vi vil fylle festsalen med interesserte som vil reflektere saman med oss om kva slags verdibygging vi har stått for på Sunnmøre, i folkelege rørsler og i folkehøgskular, enten det gjeld demokratiutvikling eller næringslivsutvikling. Kva er det viktige i arven vår som vi skal utvikle vidare for framtida? Norske bedrifter som engasjerer seg i utlandet får merke fruktene av eit godt omdøme; kva består dette omdømet av?

jubileumsseminar nov 2014

Jubileumsbok

Jubileumsboka vår Borgund folkehøgskole 100 år – livsverkstad mellom hav og fjell, er ei flott bildebok med historiefortelling og historier, bildefortellingar og statistikk. Den er obligatorisk i bokhylla til alle Borgvener. Du får den tilsendt ved å kontakte skulen pr tlf eller bestillingsskjema på heimesida. Kr 300 + porto. Bestillingsskjema her!

 

Jubileumsfond

Vi inviterer Borgvener til å stille kapital til rådvelde for skulen ei periode. Skulen er godt utbygd no og har stort lån. Om vi låner kapital av skulevener til ei avtalt lav rente, vil det ta bort noko av risikoen vi ber på om det skulle kome ein renteoppgang. Innskote beløp blir sikra med pant. Vi inviterer Borgvener til å vurdere og be over om dette er noko de kan bli med på for ei periode. Ta kontakt med skulen.

 

Jubileumsgåve

Til slutt – Jubileumsåret er høvet til å gi ei jubileumsgåve til skulen. Vi står i eit stort og viktig kristent ungdomsarbeid, like viktig i 2014 som det var i 1914. Ver med å bere dette arbeidet vidare – støtt skulen din. Gåvekonto 8220 02 20788, merk innbetalinga Jubileumsgåve.