Skolekvardagen

Sjølv om det er sterke opplevingar borte frå skolen, er skolekvardagen ryggrada i folkeskoleåret. Alle dei små møta ved frokosten eller i treningsrommet, på internatet eller i eit klasserom, er så viktige. Dei påverkar den einskilde og bygger livsvarige vennskap. Velsmakande mat frå kjøkkenet og lyse, trivelege lokaler skaper god stemning og er ei god ramme rundt hygge og gode samtaler. Kort veg til butikkar kan vere ei freisting, men er også praktisk om du manglar noko. Her har du alt du treng , men blir lokka ut av rommet for deg sjølv til eit fellesskap saman med mange ulike og kjempegreie venner. Og det frå måndag til søndag,  kvar ny dag frå tidleg morgon til seine kveld. Skolekvardagen ved Ålesund folkeskole kan anbefalast.