Dagstur til Geiranger

Frå brygga nede ved Ålesund folkehøgskole, bar det av garde med hurtigbåt innover i Storfjorden. Innover passerte vi levande bygder som Sykkylven, Dyrkorn, Stordal, Stranda og Hellesylt og fråflytta fjellgarder. Rett nedfor fjellgarden Skageflå vart dei fleste sette i land, mens ei gruppe vart med heilt fram til Geiranger. Opp til Skageflå var det bratt opp 250 meter. Heldigvis var stien god. Med utsikt mot fossane De syv søstre og garden på andre sida av fjorden, Knivsflå, forsto alle kvifor Kong Harald og Dronning Sonja feira sølvbryllup her. Salme 121 vart lesen: «Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp i frå?»

Etter ei god matpause og god stemning fortsette vandringa over fjellet til Homlongsætra på 544 m.o.h.  Deretter var det fri gange nedover til Homlong og inn til Geiranger sentrum. Geirangerfjorden er på UNESCOs verdsarvliste med 700 000 besøkande kvart år.  I småbutikkane  rundt kaia vart det litt handel og matkos før retur til skolen .