I østens land

IMG_5499

Det er godt å få sette seg djupt i hotellfoajeen der aircondition gjer livet behageleg. Ein fullpakka dag 1 på studietur krev sitt, og romkollegaen vår Ato har alt gått til sengs klokka 8. Elevane derimot er klare for å oppdage kveldsstemning i Tel Aviv, og der er mykje å sjå, lukte og oppleve. Imens får vi som er i arbeid oppsummere.

5 timar tok det å komme seg hit, og over middelhavet i mørket kom lysa frå storbyen Tel Aviv ut av disen. 27 grader varme er eit lite sjokk på kveldstid, men det var lite klaging å høyre. Vi blei bussa og innlosjert på hotellet vårt, nokre kvartal frå gamlebyen Jaffa. Som det sto på mange appelsiner før – kanskje enno? Vi har blant mykje fått lære at appelsineksporten ikkje berre gav appelsinsmak rundt om i verda, men har ei sterk politisk og samfunnsmessig historie i denne byen.

Herleg middag venta oss, mykje lokal mat frista lett matsjenerte nordmenn. Kokken sjarmerte fleire til å hive seg ut på kulinarisk djupt vatn. Etterpå bar det rett ut i kveldsmørket for oss alle på rekognosering, der mykje var heilt annleis enn heime alt rundt det første kvartalet. Lukter, lydar og stemning frå Austen. Arabia. Og trafikk vi skal ha litt ekstra respekt for. Småkafear med vannpipeservice kjem elevane raskt til å oppdage veit vi, og minibankar, god is, det lokale permanente Jaffa flee market og varm kveldsluft.

Dermed kom vi hit. Til den første heile dagen på Asias kontinent, og alt etter frokost møtte vi Sami (..) – ein sterk karakter, som kjenner historia om det Palestinske folket slik den ofte ikkje blir fortalt. Iallfall ikkje i det israelske offentlege rom, heller ikkje ofte i våre media. Han har lest, forska på og skrive om dette i mange år, og gjort det grundigare enn dei fleste. Han tala og palestinarane si sak som for eit flyktningfolk, og let oss forstå at hans syns ikkje blir delt av alle. Historieforteljing med sterk integritet, og stort konfliktpotensiale.

IMG_2151

Deretter har vi alle restituert etter reisa med å vandre i Tel Aviv. Gjere oss kjent. Enkelte av oss langs strandpromenaden på Segway, eller ståhjuling som det heiter på ny norsk. Det florerte med kjappe elektriske syklar langs den 2 mil lange strandpromenaden, der byens folk og ei mengde turistar gleda seg over varme, sol og eit rikt restaurant- og kafeliv. Vi ser nokre raude kinn og kjekke t-skjorteskille etter sjokksoling, elevar har handla inn drikkevatn an mass etter gode råd og dei prøvar å få kontroll på alle dei nye begrepa. Sionisme, okkupasjon, diaspora, nasjonalstaten.. Det er mykje. Slikt er bra å fordøye i fred og ro under aircondition i ein djup sofa, mens vi håpar alle er på plass i bussen 7.30 i morgon. Det er tidleg..

Vi les på nrk.no at konflikta i Jerusalem ikkje akkurat er trappa ned. Hovedstaden har meir å slite med enn Tel Aviv. Vi treff jevnt på bevæpna soldatar i byen, som alltid er behjelpelege med å vise vegen. Luftrommet er ikkje stille så lenge om gongen, og ein del av trafikken består av politi- og militærhelikopter. Slik er det. Folk bryr seg knapt, for dette er dei vant med gjennom mange periodar, over mange tiår.